kaffe-ved-covent-garden.JPGMe gjekk mykje i butikkar. Kjøpte ikkje så mykje, mest fordi 80-tals gul, grøn, turkis og kvitt ikkje er heilt mi greie. Me kjøpte visst mest bøker. Og solbriller.
Det var vår i London.

Men det var fint å rusle rundt i ein skikkeleg by. Verte skikkeleg skitten berre av å vere ute, folk overalt og fleire drosjar enn det er innbyggjarar i Noreg.

Dei einaste bileta eg har er teken fordi me skulle vise ungane at:
1. Våren er på veg.
2. Me var ved det slottet der Store Vennlige Kjempe og Sophie snakka med Dronninga av England.

var-i-london.JPGfint-ver.JPGforan-slottet-der-svk-og-sophie-vitja-dronninga.JPG

Vel heime vart me møtt av eit vasskoppemonster.bilde-107.jpg
Fint ute.
Fint å vere heime.

Reklamer