Meme henta frå Margs bokblågg 

1) Kor mange bøker eig du?
Det anar eg verkeleg ikkje. Kunne vore fleire, men nok til at eg ikkje gidd å telje.

2) Kva bok var den siste du kjøpte?
Denne bunken vart kjøpt samstundes på lørdag:
Neil Gaiman x 3: American Gods, Stardust og Fragile Things.
Guy Gavriel Kay: Ysabel.
Ursula Le Guin: The Earthsea Quartet.

3) Kva bok var den siste du las?
Guy Gavriel Kay: Tigana.

4) Nevn fem bøker som har betydd mykje for deg, og som du har lese meir enn tre gonger.
Bøker og musikk har visst mest stått på repeat og gjort usletteleg inntrykk då eg var yngre.
Eg nevner derfor i mitt eige livsnarrativ si kronologiske rekkjefølgje:
Ronald McCuaig: Fresi Fantastika
Ethel Turner. Syv små australiere
Henri Charriere: Papillon
Milan Kundera: Udødeligheten
Guy Gavriel Kay: The Fionavar Tapestry

5) Oppfordre andre til fylle ut dette i sin blågg:
Eg kan vel sende utfordringa vidare til lesarane, som ei friviljug greie?

Advertisements