Eg er på kurs, og har ikkje hatt nettilgong nokre dagar. Derimot har eg vore på kafe om kveldane og snakka med kloke folk, og me har snakka om skriverier og blågging og slikt. Og så har eg skrive litt på dette andre prosjektet mitt som ikkje er blågg. Og det vert veldig tydeleg for meg at blåggen både skjerpar og aukar skrivelysta, samstundes som den i litt for stor grad vert ein ventil for skrivetrong.

Eg lurer veldig på korleis forfattarane på Forfattarbloggen kalrar å skrive bøker samstundes som dei blåggar mykje (eller kanskje dei ikkje kan, og derfor ikkje blåggar så mykje). Og eg lurer på om andre blåggarar klarer å skrive det dei skal utanom.

Og så tenker eg at det å sitje foran ein skjerm utan nettilgong gjer at eg vert irritert, rastlaus og sur ei lita stund, utan ventil, og så kjem det noko ut av det. Noko vert produsert som ikkje ville blitt til om eg hadde hatt internett å avleie rastløysa med.

Blåggen skulle hjelpe meg å endre fokus frå nettprat til prosjekt, men vert kanskje ein fårleg ventil?

Dette må eg tenke på.

Reklamer