Ei kvinne som har vore gravid og mista fosteret ei rekkje gonger kjenner kroppen sin.
Men når ho fortel legen sin at ho er gravid på ny heiter det «angiveleg gravid» i journalen.
Eg har aldri sett «angiveleg øyreverk» eller «angiveleg forkjølt», men «angiveleg gravid» er heilt vanleg. Heilt til det vert stadfesta av urin- eller blodprøve.

 Om eg sa til ein journalist at eg «har slutta å sykle til jobben, syklane mine vert berre stålne. Dei siste tre åra ha to syklar blitt borte, og sidan eg er ein erkedust som aldri somlar meg til å forsikre noko som helst, er det rett og slett betre å gå», så hadde han kanskje skrive akkurat det. Om det ellers var relevant.
Han hadde neppe kasta inn eit par [påstått] eller [angiveleg] inn i saka.

Om eg hadde fortald at eg ikkje gjekk aleine på uteplassar etter eg vart slegen ned bakfra av ein eller annan som dei aldri fann, ville dei nok skrive det også. Utan [påstått] eller [antatt] eller [angiveleg]. Og no siktar eg sjølvsagt ikkje til namngjevne folk, då er det jo påstått så lenge det ikkje føreligg dom. Nei, eg snakkar om at eg kan seie at i 1993 slo nokon ut ei tann på meg på ein utestad. Folk tek det på strak arm. Ikkje nokon påstått tann der. Berre tann. Ikkje angiveleg slag. Berre slag.

Men me er jo veldig godt vane med antatte valdtektsmenn og påståtte overgrep. Og altså påståtte graviditetar.

 Eg har rekna det ut.

Påstått og antatt og angiveleg betyr at det er sex-relatert.
Forklaringa må vere at jenter vert så i ørska når dei er i nærleiken av penisar at dei liksom ikkje heilt veit om dei drøymer eller er vakne. Eventuelt er jenter kjende for å lyge på seg veldig mykje sex. Ein bør i alle tilfelle tvile sterkt når jenter seier dei har sett ein pikk eller hatt han i seg.

Advertisements