Linda har tægga meg, og eg kan vel ikkje vere så sær at eg ignorerer det?
Altså, seks sære ting om meg.

 1. Eg kan snakke flytande jysk. Eg trur det er ganske sært, for å vere norsk.

2. Eg et ikkje pattedyr. Mange reagerer som om det er sært. Særleg fordi forklaringa er at eg berre et ting eg [i prinsippet] kan drepe sjølv. Eg trur verkeleg eg kunne drept ei høne.

3. Eg har ein gong fått koppen på eit ouija-brett til å svare på spørsmål utan å røre ved den, og utan å seie spørsmåla høgt. Det er kan hende ikkje så sært for folk flest, kva veit eg. Men eg trur altså ikkje på slikt.

4. Då eg gjekk på barneskulen meinte skulelegen at eg burde få filt vekk ein knok på foten, men nærare undersøkjing tyda på at stortåa i så fall ville dotte av.

5. Eg kan krølle tunga slik at han vert tredelt på eit vis. Det er ikkje særare enn at bror min kan det same. Men det er jo ei genetisk greie då, akkurat som at andre kan lukke nasen eller plystre med rumpa.

6. Eg har veldig hard nase. Det er liksom bein heile vegen fram i nasetippen.

 Og då tæggar eg Lin, LordX og Indremisjonsnytt. Fordi eg er oppriktig interessert i kva akkurat dei vil meine er sært ved dei sjølve.

Reklamer