radiohode har tægga meg til å kople saman fem blåggarar (som eg no skriv ned frå lenkelistene på blåggen min, skal me sjå, då vert det så randomisert som mogeleg, kulepennpeiking på blåggen – hum hum – faen, ikkje bra for flatskjermen, då musepeikar me – hum hum – jah):

Undre
Melis
Poly
Mihoe
Muppy

Så set eg Windows Mediaplayer til å spele eit tilfeldig utvalg av kva eg måtte ha lagra på denne laptopen:

Concrete Blonde: Tomorrow Wendy
Lynyrd Skynyrd: Free Bird
Nick Cave: Ship Song
Peter Gabriel & Kate Bush: Don’t Give Up
Lynyrd Skynard: Sweet Home Alabama

Til no er altså det heile eit komplett randomisert utval av kva eg har av favorittar på blåggen og kva eg har av musikk på laptopen.

Så til det meir kompliserte: Koplinga.

Undre får Free Bird. Ho likar gamalt ræl, akkurat som meg. Undre er den eine eg ikkje har møtt av desse, men ho har no til gjengjeld delt ein del musikk med lesarane sine. Noko eg faktisk er takksam for, motsett dei fleste andre som legg ut keisame musikksnuttar. Ikkje fordi eg gidd høyre alt ho legg ut, men Marianne og David hevar eitkvart snitt til over 100.

Melis får Don’t Give Up, sidan ho syng så fint. Eg kan vere Peter Gabriel, eg. Eg kjem når varmen kjem, eg trur det verkeleg, det må vere slik. Eg tek med vin og me sit ute. Det berre må vere slik.

Mihoe får Ship Song. Det er vanskeleg med folk eg aldri har møtt (Mihoe er den andre), men eg anar noko vart og mjukt og stundom litt melankolsk bak humoren og innsikta.

Poly får Tomorrow Wendy, sidan ho er gravid. Eg likar å få gravide damer til å grine. Det er så leikande lett. Ja, for du er no ikkje berre tægga, du er faktisk og forplikta til å finna og høyra songen din.

Muppy får Sweet Home Alabama. Ho er ei fin kåbbåi-jente, Muppy. Nydeleg og ferskenfarga og girl-next-door, samstundes som ho ikkje spyttar i glaset på fest, og ho hadde passa fint i boots, kåbbåihatt og miniskjørt, dansande på bordet.

Og dei fem damene er sjølvsagt mema eller tægga eller kva det no heiter. Om dei driv med slikt.

Advertisements