Kvifor vert noko forbode ved lov? Eg bles støv av samfunnsfag, niande klasse:

  • Fordi me ynskjer å styre borgarane bort frå slike handlingar, og dette gjer me ved avskrekkande straff, og ved å markere at noko er uønska.
  • Fordi folk ynskjer å hemne særleg uønska handlingar, og i staden for sjølvtekt vert dette ivareteke på ein rettvis måte av rettsstaten.
  • Fordi offeret ynskjer oppreising for ei handling gjort mot vedkomande, og at dette vert gjort ved at saka vert prøvd for retten og offeret vert høyrt og trudd, og krenkar vert dømt rettvist og objektivt etter gjeldande lov.

Noko slikt.

Ville du valdteke nokon om det ikkje var ulovleg? Er det verkeleg det som held akkurat deg i frå å valdta folk? I så fall trur eg du er ganske åleine.

  • Me klarar ikkje å styre folk bort frå å valdta vha det lovverket me har. Korkje ved sjølve markeringa av at det er ulovleg, eller ved trugsmål om straff.
  • Kvinner opplever ikkje at ei alminneleg valdtektsutøvar vert dømt. Dei har ikkje tru på at det nyttar å melde noko til politiet, og dei som gjer det får gjerne vite av politiet at «me trur deg, altså, men dette kjem ikkje til å halde i retten, det var ingen vitner og han seier du ville det sjølv». Og kjem det for retten er heller ikkje statistikken for overtydande.
  • Offera opplever ikkje desse rettssakene som ei oppreising, heller ikkje om forbrytaren vert dømt. Prosessen er ei fornedring i seg sjølve, og offera vert ikkje ivareteke psykisk.

 Ein kan diskutere hardare straffar, valdtekt som nesten-mord, meir midlar til etterforsking, valdtektsmottak med juridisk ekspertise.

Eventuelt kan me tenke at rettssystemet vårt legg opp til ein prosess der ein er uskuldig til det motsette er bevist, og dermed er offeret løgnar til det motsette er bevist, og forsvarsadvokatane i dette systemet vert betalt for å «fremje saka» til den tiltalte = å freiste å få anklaga frifunne = overtyge retten om at offeret lyg.

Eit slikt system kan hevdast å vere rettvist og naudsynt. Men det hjelper ikkje i desse sakene. Sjølve rettsprosessen vert ei ny krenking av dei som faktisk er blitt valdtekne. Dei som faktisk har valdteke får inga hjelp til å strekke fram ei hand og seie «var det verkeleg slik du opplevde det? Eg misforsto, eg er så forferdeleg lei meg, eg trudde i fylla at eg hadde rett, no ser eg at eg har gjort noko grusomt, kan du nokonsinne tilgje?».
Offeret vil i beste fall oppleve å bli trudd og at nokre framande folk dømmer overgriparen.
Men kva så? Ingen oppresing, ingen æresoppretting i det, for dei fleste. Berre ei ny frykt for kva som vil skje om 6 månader eller to år, eller i nokre få tilfelle lenger tid, før han kjem ut att.
Ingen unnskyldning frå overgriparen. Ingen dialog. Ingen oppleving av å rette ryggen og leggje frå seg offerrolla og sjølv gjere noko for å forsvare seg. Berre at nokre framande trudde på det ein sjølv visste hadde skjedd, etter ein har fått krenkinga smurt ut over eit offentleg rom som er kaldt og skremande og «objektivt rettvist».

For alle dei som ikkje har kome så langt, ikkje har anmeldt, eller ikkje fekk saka prøvd for retten, eller ikkje opplevde at overgripar vart dømt, kva med dei?
Dei kan ikkje eingong seie til nokon kva som har skjedd.

Det er mogeleg at me ved å gjere valdtekt til ein så alvorleg kriminell handling i praksis svekker rettsvernet til offera.

Det er mogeleg at det ville vore betre å kunne fortelje det som er skjedd til andre. Til familien sin. Til nære vener. Fortelje, gråte, rase, finne seg sjølv att. Fortelje, og så fekk han som hadde gjort det kan hende nokre sure blikk frå slekta hennar, venninnene hennar ville kan hende kneise med nakken om han baud opp til dans.
Og ho ville kunne stå der, midt i venninneflokken, og alle ville vite det, og ei av venninnene ville kunne kviskre «drit i han!» og stryke ho litt på armen.

For å få dette til må me gå andre vegen enn «nesten-mord» og enorme tryggingsoppbod for å sikre opp mot falske anklager.

Eg trur kan hende det ville vore betre.

Advertisements