Eg burde laga ei smart blåggundersøkjing der alle som les blåggen min kunne stemme over kva eg skal gjere med blåggen min no.

Så kunne alle dei som er internettavhengige fortald meg at eg måtte bli her og aldri, aldri forlate dei og dette fantastiske universet. Det hadde gjort godt, og kan hende nærast legitimert at eg bruker så mykje tid på slikt tull (eg har eit publikum å underhalde, må vite!). Bortsett frå radiohode og Hydra, som ville ha støtta meg i å vende ryggen til det vederstyggelege internettet (radiohode i spøk og Hydra i fullt alvor), og mor mi då, som syns eg bør vere ute i frisk luft (og klyppe panneluggen sånn at verda får sjå den søte, vetle andletet mitt).

Eg starta forresten blåggen omlag samstundes med at eg slutta å røyke. Det har jo gått ovfint med røykesluttinga, men eg merkar det kriblar i lungene no når finveret er komme. Det hadde vore stas å sitje i solveggen med kvitvin og røyk. For å rette opp i det brann eg bråte her ein dag, og fekk i meg mykje bålrøyk.

Når mannen min finn den der greia som eg kan stappe den lille dingsen frå mobilen inni, slik at eg kan overføre bileta frå mobil til pc, så skal de få sjå at våren er kommen i Avil-hagen.

Advertisements