Ja, du veit, sånne forsamlingar som er utkommandert på kurs av ein sjef dei hatar, og så skal du – DU! – snakke til dei om noko dei ikkje har bede om å få vite.

Eller det røynde ekspertpublikumet. Dei du skal forelese for. Røynde folk frå di eiga faggruppe, folk som du ikkje kjenner, men som sit der og er eldre enn deg, som sikkert kan meir enn deg, som har høyrt det før, prøvd det før, forkasta det før.

Eller dei andre. Dei andre folka, frå andre faggrupper. Dei som syns di faggruppe er noko dritt. Dei som kviskrar i krokane om at sånne som deg er akademiske pratehovud som står der og pratar dritt, og som fniser ondskapsfullt før foredraget og lagar bullshitbingo og sender blikk til kvarandre.

Og samarbeidsmøter med folk som slåss om dei same pengane som dei trur dei andre har, og som meiner dei får for lite ressursar, har for lite, vert uglesett og stemoderleg handsama. Og som ikkje VIL samarbeide, men som er innkalla fordi dei MÅ, og dei må fordi DU har innkalla deg. Og der sit dei og skuler og ingen tørrpratar før møtet, alle berre rotar i veskene sine og kikkar på mobilane og skuler på kjeksfatet. Og du skal leie møtet og sørge for eit resultat.

Du veit, skumle grupper.

Eg elskar skumle grupper. Eg er kjempegod på skumle grupper. Eg beint ut rular på skumle grupper.

Advertisements