No skal eg heim og pakke bilen, og så dreg eg til sommarhuset med ungane, bror min og ungane hans, og foreldra mine. Det skal vere strålande ver, me skal rydde i hagen og ete og drikke og prate, og ungane skal få vere ville uteborn to dagar til ende.

For nokre av dykk heiter det allereie god påske, men eg kjem att på måndag.

Medan eg er borte rundar blåggen 20 000 hits, og eg vil takke alle som held meg med selskap her ute på den fine verdsveven! De er den beste lesarkrinsen ever!

Advertisements