skodde.jpgLaurdag morgon skein sola klår frå høg, blå himmel frå morgonen. Nattvetter og huldrefolk trakk til skogs med hjort og skodde, og rimfrosten låg skimrande ei kort stund medan vanlege folk åt egg og rundstykke og kika ut glaset og tok dagen for gitt.
Så kraup skodda ut or skogen att. Først ein låg dis over jordene, og etterkvart låg skodda tjukk rundt nåvene. Sola vart først bleik og til sist borte, og den kalde, ljose morgonen vart dim og våt.

Eg rusla ned til sjøen. Fuglane tagde i tåka, ikkje eingong måsen lot høyre frå seg. Vatnet låg damstilt i heile fjorden. Ikkje ei krusning. Skodda var lettare ut over sjøen, og frå brygga såg eg korleis bakkeskyen kom som ein blaut vegg frå skogen inne på land.
Eg sette meg ned og såg utover den daude havflate, og kjende den kalde væta mot ryggen.

Då høyrde eg eit kort snøft attom naustet.
Eg stokk, og snudde meg brått for å sjå etter mink.
Kjensla av at det var nokon der kraup på meg. Eg høyrde ikkje fleire snøft eller lydar.
Men då eg var gått eit stykke opp bakkane, på veg opp til huset att, høyrde eg ein kort latter nede frå stranda.

Kan hende det var måsen.

Advertisements