Frå gudinne til blond stut på 1000 år

Eg har tidlegare skrive om den evige gudinna Høne, den einaste som overlever Ragnarok. Høne er representert på gotlandske steinar som ei svane, og ho ber og representerer tenkeevna.
Men noko skjedde med Høne.
Når me møter ho att hos Snorre er ho blitt til den noko tåpelege og forfengelege mannlege æsen Høne, i blant blanda saman med Vilje (Odins bror, son av Bor, også kalla Jafnhar/Jevnhøy). Ho gjev dei første menneska Ask og Embla tankens evne, men ellers er det ikkje mykje att. Me får vite korleis Høne (i lag med jotnen Mime) etter vanekrigen (den store krigen mellom gudeslektane æser og vaner) bytte plass med Frøy, Frøya og Njord, dette byttet som skal sikre freden mellom vaner og æser. Vanene gjer Høne til høvding, men han viser seg med tida altså å vere ein udugeleg herre og ikkje kan mykje anna enn å sjå flott ut. Vanene tek livet av han, og hogg hovudet av Mime. Odin (som altså skal vere storebror til denne Høne) bruker all den seid han har lært av Frøya til å redde jotnen Mime. Og på Snorre si tid er jo jotnane fælslege kaoskrefter som æsene kjempar mot det meste av tida, openbert med nokre unntak.

Eg veit ikkje med deg, men eg slit litt her. Sjølve tankens gud dum som eit brød? Så dum at vanene tek livet av han? Og det vil seie at Høne ikkje overlever likevel og tankeevna forsvinn med denne blonde stuten. Og Odin nyttar kreftene sine på å redde ein av dei fæle jotnene.

Rett nok er det ikkje alt som heng saman i gamle myter, men dette?

Noko tyder i alle tilfelle på at heile konseptet med fæle jotnar ikkje held mål. Det går elles igjen i heile litteraturen etter Snorre, jotnar dukkar opp alle stader som temmeleg smarte, greie og flotte skapnader. Ikkje minst er det utbreidt at gudar finn seg jotnekvinner, dei elsker og lagar born. Og mykje tyder på at jotnene har hatt ei sterkare stilling som skapande og jordbunde også seint i norrøn gudedyrking, og at dei kjem frå gamalt av som eiga natur- og skaparmyte.
Men dette er ei eiga soge.

Advertisements