Eg har diskutert hån, ære, kultur og religion med bror min.

– Sjølve lidingshistoria er det som skiljer vår religion frå Islam, seier bror min. – Korset er det audmjukande, tornekransen og INRI-skiltet, heile pakka. Dei kunne like gjerne hånt og hengt han slik dei hang Saddam. Og det er vår frelsar, sjølve helten vår, som heng der.
Bror min held fram: – Å håne vår eigen religion heng saman med dette. Ein må kunne tulle med Gud. Gud må tåle det, ekte heltar i vår kultur tåler det. Det er jo det kulaste me veit. Folk som kan parere hån med sarkasme. Folk som gjev seg over og vert fornærma er jo ikkje mykje kule. Folk som brenner flagg og oiar og skyt i lufta med maskingevær drit seg ut i våre auge.

Eg ser for meg kor lite som skal til for å fornærme muslimane. Dei tåler ikkje at ein vender fotsålen mot dei med vilje, eller at me teiknar karikaturar av profeten deira. Dei reagerer med å vise kor fornærma dei er, og jo meir dei viser det, jo mindre kule syns me dei er. Dei vert så lite kule i våre auge at me må gjere oss intellektuelt tvikroka og gå botsøvingar med Unni Wikan for å halde fast i respekten for dei. For me syns verkeleg ikkje det er særleg ærefullt å tåle lite.

– Det er slik me driv på, og dette er gamalt, eldre enn Jesus, driv bror min på.
Dette er den sida ved Jesus me her oppe i nord verkeleg respekterar. Han tek det. Han står løpet ut. Han let ikkje romarane sjå han grine eller surve. Han berre løftar blikket mot himmelen og seier «tilgje dei, dei veit verkeleg ikkje betre».

Det er gamle dyder dette. Å tåle nidviser utan å rope og oie seg, berre dikte ei nidvise attende som er meir bitande enn den første.
Men det var jo ikkje alle som klarte å styre seg før i tida då. Egil Skallagrimsson er eit utmerkt døme på ein som tålte nid dårleg, og hogg framfor å skjalde, sjølv om han var god til å ordleggje seg etterkvart.

Så slik vert Jesus eit dugande nordeuropeisk ideal, der han heng med tornekransen og hevar seg over nidingane.
Og på torsdag dreg eg og bror min på påskeferie.

Advertisements