Eg sit her og har tusen ting som skulle vore gjort før påske, og som eg allereie ser at eg ikkje kjem til å klare. Derfor unner eg meg sjølv ein liten blåggpost om kor bra det er å vere frustrert.

Altså: I utgangspunktet hadde eg eit ikkje-integrert og arkaisk sjølv der med sjølvbilete som var heilt urealistisk sett i høve til eigne evner og kvalitetar. På den tida var eg lita og lyseraud og trudde at eg var verdas midtpunkt og at mor mi var større enn sola og kunne omlag alt som var naudsynt. Dessutan var mor mi sånn ca meg. Noko som stemte ganske bra med dei første erfaringane eg gjorde meg.

Det grandiose sjølvbiletet mitt skapte i aukande grad problemer for meg etterkvart som eg erfarte eigne evner og kvalitetar i praksis, gjennom grunnleggande ferdighetstrening, konsolidering av eigenkjensle og eigensansing og ein stadig meir uttalt oppleving av individualisert kropp og person.

Både på grunn av denne latente motsetnaden mellom dei arkaiske sjølvbileta og på grunn av den aukande interaksjonen med omverda og andre menneske, byrja eg i 1 – 1,5 års alder ein psykisk prosess som skulle forvandla mitt foreløpige sjølv til eit blivande, personelg sjølv. Eg byrja rett og slett å realitetsteste sjølvbileta mine, og fekk justert dei mest urealistiske bileta av meg sjølve, og etterkvart integrert resten i eit meir samanhengande sjølv. Realitetstestinga mi formidla, sidan alt gjekk rimeleg vel, det koherente sjølvet mitt.

Heile vegen vart eg utsett for eit møte med omverda av ein heilt særleg kvalitet, ein avgjerande formidlande faktor for å få til denne omformande internaliseringa eg dreiv med: Nemleg den faseriktige, optimale frustrasjonen. Det vil seie ein motstand og frustrasjon som var optimal i den forstand at den nettopp var sterk nok til å skuffa meg og få justert på dei urealistiske delene av sjølvet, verken meir eller mindre. Eg vart utsett for den faseriktige tilpassinga som kun kan erfarast gjennom empati.

Dynamisk sett var det snakk om at den optimale frustrasjonen gjorde det mogeleg for sjølvet mitt å endre litt på dei narsissistiske og objektlibidinøse besetningane av henholdsvis det grandiose sjølvet mitt og det idealiserte foreldrebiletet mitt.

Takka vere optimal frustrasjon har eg altså kvitta meg med dei villaste forestillingane om meg sjølv, og er blitt eit heilstøpt og realistisk menneske som utan å hate seg sjølv kan innsjå at eg ikkje får gjort alt eg skal før påske.

– helsing onkel Kohut, som alltid er der og trøystar når det røyner på.

Advertisements