Eg såg starten, men så forsvann eg i internetthelvete. Den stakkars mannen min, som faktisk er verkeleg maskulin (kven skulle tru, med ei så smart kone), vart sitjande og sjå.

No høyrtes det ut som om Reese Witherspoon var i ferd med ei veldig rørande sluttapell, og sidan eg såg starten av filmen rekna eg med at eg hadde heilt greie på alt.

Avil: Hahaha, har ho halde sluttappell no, om at ein kan vere moteslave samstundes vere så glad i dyr at ein græt og får ondt i jærte av dyreforsøk?
Mannen: Nei, det var heilt omvendt.
Avil: At ein kunne vere glad i dyr og likevel glad i mote?
Mannen: Nei, du har ikkje sett filmen. Det var mange parallelle og virtuelle handlingsforløp som ein måtte følgje godt med i for å skjøne den sluttappellen, du kunne sett den, eg gidd ikkje forklare deg det no.

Det tok fleire sekund før han lo. Han fekk meg.

Advertisements