Eg kunne ønske dei kunne gje meg ein lese- og skrivepause på jobb. Ein månad eller seks månader eller noko deromkring. Eg har så mykje eg vil lese, eg kjem jo ikkje gjennom Ringdrotten før biblioteket masar eingong. No har eg fått ein bitteliten bunke artiklar frå kunsthistorie grunnfag som eg vil sjå litt på. Og så er det desse nesten berre 1,5 metrane med litteratur som allereie ventar. Norrøn mytologi, skipsbygging, krigsistorie, jernutvinning, – eg nemner i fleng.
Når det gjeld skrivinga innser eg at det fins ein slags fjerdedagsregel for meg. Fjerde fridagen frå jobb løsnar det. Dei første fridagane går mest til ørkeslaus nettbruk og husmoderlege gjerningar. Eg vert berre rastlaus og sur og vanskeleg når eg skal skrive noko. Etter tre-fire dagar er det som om rastløysa og grauten i hovudet kverv bort og det kjem tankar i staden.  Mine tankar. Frie tankar. Tankar som veks og samlar seg og putrar og blomstrar. No er hovudet mitt heilt fullt av slike tankar.

Den norske stat burde forstå at det er bra for meg (og kan hende bra for samfunnet om slik som meg) om eg fekk fri.

Fri til å lese og fri til å skrive.

Eg skjønar jo at arbeidsplassen sitt budsjett ikkje heilt har rom til det. Men det er lov å syns det er synd.

Reklamer