Oppsummering for nye lesarar:

Eg er gift med ein dansk arkitekt. Han likar eik, mørk skifer, kvite veggar, smarte løysingar, flatskjermtv. Arkitekten har kjøpt mørkegrå Hovden-sofa til oss, og bjørkekjøken frå IKEA. Arkitekten har det folk kallar god smak.

Eg har det folk kallar dårleg smak. Eg likar brunt og grasgrønt og orange og gull. Eg har kjøpt ein sofa i mitt liv, den har ein viss shcwung i fasongen, og har gule, raude, orange og grøne striper. Den sofaen er gått i eksil på loftet til foreldra mine. Smakseksil.

Folk som kjenner meg frå tida før Arkitekten har sett heimane mine før. Heimar med krokodille på veggen, liksomafrikanske veggmåleri, gullmala radiator og turkis bad med gullfiskar. Slike folk kjem inn til oss no og ser at Arkitekten bur der. Dei ser ikkje at eg bur der.

Dette er litt trist. Arkitekten syns synd på meg. Derfor har eg fått heilt frie tøyler til å velge bad.

I fantasiane mine har eg no hatt raudt bad med utstoppa hjortehovud over rokokkospegelen. Eg har hatt turkis bad med akvarium og regnskogsplanter hengande i dusjen. Eg har hatt blomstrete bad med grønt golv. Eg har hatt dramatisk bad. Eg har hatt champagnebad. Eg har hatt Elsa Beskow-bad.

No er sanningas time komen. No skal eg velge på ordentleg.

Og eg er blitt så grueleg feig. *grin*

Advertisements