Norsk Luthersk Misjonssamband strevar med å få inn nok pengar til at utanlandsmisjonærane kan følgje lønsveksta heime i Noreg. Dei har i kveld ringt rundt til 1000 potensielle gjevarar. Dei ringte ikkje til meg.

Den teorien som vart lufta på NRK sin dagsrevy (eit mogleg utslag av statskyrkjeordninga at statskanalen ser sin mon i å reklamere for ein aksjon for å skaffe pengar til religiøs imperialisme) var at «folk ikkje brenn like mykje for misjonssaka».

Ein annan teori er at dei kristne har fått nok å slite med her heime, medan Jesus ser ut til å fenge bra i Afrika. Eller at unge kristne er fanga i internetthelvetet og blåggar seg bort.
Eg føler det er lenge sidan me høyrde frå samemisjonen, til dømes. Eller muhammedanarmisjonen. Det er mogleg dei også er ramma av lønsveksta.

Advertisements