Eg har vore aleine vaksen i lag med ungane i heile dag.

Sjå, ein grei og tilforlateleg setning. Ein kan tenke «ho er ei god mor» eller «så koseleg», eller (om ein er meir erfaren) «stakkar, så slitsamt». Alt i alt ei utsegn som ikkje skremmer nokon. Det vert då ikkje farleg å snakke med nokon berre fordi dei har vore i lag med ungar heile dagen?

Jo!

Når eg er i lag med ungane mine er det ikkje rom for unnfallande, uvitande og unnvikande åtferd. Eg må velge og vite og bestemme heile tida.
Ta på deg strømpebukse under kjolen, det er alt for kaldt framleis. Eventuelt like autoritært: Neivel då, eg bestemmer at du får bestemme det sjølv, men kom ikkje til meg og surv om du frys, då går du inn og tar strømpebukse på likevel.
Tiss før me går. Nei, ikkje støvlettane, det er femten grader, ta på deg joggesko. Strømper i joggeskoa, ellers får du gnagsår. Kom, no går me vidare. Ta på deg sykkelhjelm. Puss nasa. Opp og stå. Fivreld er ikkje farlege. Blomar lagar born omlag slik folk gjer det. Det fins manneblomar og dameblomar og sjølve blomane er liksom tissen, manneblomen har frø som heiter pollen og så må frøa i manneblomen komme seg bort til dameblomen sitt arr, nei det er ikkje det same som arr på kneet, meir som ei vaksen tissekone, og der inne er det einslags egg som heiter frøemne, og når pollen og frøemne kjem saman vert dei til eit frø, og dameblomen er gravid og foldar seg saman kring frøet, sjå her, her er frå blomkarsen i fjor, det rundt her har vore blom og inni her, sjå der er frøet.

Etter ein lang dag med avgjerder og klåre meiningar vert eg veldig styrande når eg brått får vaksenkontakt igjen.

Nei!

Kadra er ei vanleg, norsk jente og har krav på same ytringsrett og fridom. Flytt føtene dine, dei luktar surt. Ikkje begynn å ete dessert før den siste er i ferd med å forsyne seg. Miljøvernministeren seier verkeleg så mykje dumt at SV verkeleg får vist at miljøengasjementet deira er like kunnskapslaust som å tru at det blir fred i verda av å sende ein provoserande utsjåande mann med måpetryne rundt som meklar.

*tante Sofie-stemme*

Dei vaksne måtte setje foten ned. Eg var ikkje til å vere ilag med.
Eg har nemleg vore ilag med ungane mine i heile dag.

Advertisements