Eg oppdaga brått kor avskrekkande blåggen min blei med forrige post rett under diktsitatet under blåggnamnet.
Derfor tenkte eg at eg skulle ta helg med å gje dykk eit sitat frå Løgstrup. Eg har skrive før om både dydar og boksorg, og sidan eg ikkje finn Løgstrup-boka mi her på kontoret, er det slik at eg har meir bokpanikk enn boksorg akkurat no.

Derfor får de eit sitat frå Lars Hem istaden, som seier noko fint om det å vere menneske ilag med andre. Lars ein veldig fin nordmann som har gjort danske av seg, og derfor er sitatet på dansk:

I terapi griber jeg fat i den anden og forbinder mig med ham, og derved lærer jeg både ham og mig selv at kende. Denne kundskab har en historie, er konkret og levende og næres af kærlighed. Den er et bånd mellem os, som er berigende og lærerigt, og som det er smerteligt at løsne eller bryde. Af terapi lærer jeg at knytte bånd uden at blive forknyt og at løsne eller bryde bånd uden at rives i stykker (Hem, 1986).

God helg!

Reklamer