I dag har eg lånt kontoret til mannen min i fem timar. Det var så fint. Sitje der og skrive, og sjølvsagt gjennomlese nokre hovudfagsoppgåver som eg har lasta ned på pcen. På eine veggen har han ei svær glastavle som eg kunne teikne og notere og herje på, lage meg kart over det tenkte universet, teikne tidsliner utan at det blei knøte og kaotisk, og eg laga meg notater over mytologiske og kjønna tal i norrøne tekstar, og nokre linjer blei det altså skrive og.

Fem timar går så fort. Fem timar med same skifte mellom rastløyse og god arbeidsflyt som eg ikkje har fått vere i sidan eg kom ut i arbeid. Eg saknar verkeleg dette frå universitetstida, men dette er endå meir freistande, for det er berre mitt.

Eg får kjøpe meg ein Lottokupong.

Advertisements