Før spreidde bøndene møkk 1 mai, for å demonstrere at dei ikkje støtta arbeidarane, og at dei ikkje følte seg støtta av arbeidarane.

I dag slår eg gras 1 mai.

Eg stør gjerne arbeidarar, eg kjøper Max Havelaar-kaffe og betalar skatt og betalar fagforeiningskontigent og stemmer ved val, og syns det er fint med stemmerett og likskap og brorskap og kunne godt tenkt meg litt meir fridom.

Men arbeidarane stør ikkje meg.

Eg er arbeiderklassens barn som tok utdanning. Eg gjorde det arbeiderklassen gjorde mogleg for ungane sine. Eg gjorde foreldra mine og besteforeldra mine stolte. Mange av oss gjorde det. Foreldra mine gjorde det. Foreldra mine tok den såkalla klassereisa, og arbeiderklassen sto på perrongen og hadde kjøpt billetten for dei, og med stolte hjarte visste arbeiderkalssen at deira eigne kloke born no skulle få gjere seg kloke og flinke på universitet og høgskular, slik berre rikfolks ungar gjorde før.

Men kva no?

No sit Arbeiderpartiet ved makta og bestemmer at arbeiderklassen, med sine etterkvart anstendige lønnsposar og gode arbeidsforhold også skal reservera offentleg pensjonsordning for seg sjølv, og skal lønnast rikeleg for si låge utdanning og dermed lange arbeidsliv og følgjande livslange gode kår. Arbeiderklassen sine industriansatte menn har råd til å la sine meir lågtlønna koner vere heimeverande å årevis med kvart barn. Dette lønner Arbeiderpartiet vidare med å gje desse kvinnene 6 års pensjonsopptening per barn.

Akademikarungane til arbeiderklassen er steborna til Arbeiderpartiet.
Me går lange utdanningsforløp på studielån og stipend, utan noko pensjonsopptening i det heile.
Me kan ikkje kjøpe bolig og delta i investeringa i eigedom på linje med jamnaldrande som allereie er i jobb.  Me må vente med å etablere oss økonomisk til 10 – 15 år etter jamnaldrande arbeiderklasse.
Når me kjem i arbeid er ikkje løna god nok til både nedbetaling av studiegjeld, bolig og privat pensjonsoppsparing. Og me har ikkje råd til å vere heime med ungane på ei lønn.

Så eg slår gras i dag.

Advertisements