Er det litt sjukt å ha ein synopsis/disposisjon (eg føler meg ikkje heime i forfattarspråket, så disposisjon virkar liksom meir meg) på 15 sider?
Ja, altså ei slik greie der eg svært kortfatta oppsummerer kva som skjer i boka. Dei femten sidene seier ikkje så mykje om sjølve handlinga, meir ei særdeles kortfatta oppsummering av kva som har skejdd før sjølve handlinga kjem i gong.
Eg syns jo eg bør vite noko om foreldra og besteforeldra og oppvekstvilkåra og til alle karakterane mine, sjølv om lesaren kan hende ikkje treng vite det. Og då er det lett å tulle seg litt borti oldeforeldra og.

Dessutan har eg visst nokre tjue sider lange oversikter over kultur og sedvane og samfunsstruktur og slikt.

For ikkje å snakke om ein god del skisser over geografi og nokre ark (ja, kan hende ei heil lita skissebok full) med slike fine stadnamn og idear om folk og språk og geografi og geologi og slikt.

Og så var det visst ti sider med skapingshistorie her, sånn heilt kortfatta det og. Igjen ei historie som mogleg berre er for meg og ikkje for lesaren, men som kjennest naudsynt å ha på plass.
Ja, og så var det visst alle tankekarta med symbol og gudar og representasjonar og samhandlingar mellom element og guddommar og menneske og slikt.

Er det litt sjukt?
Eller er det heilt normalt når ein skriv fantasy?

Eit år har gått fort i alle tilfelle.

Reklamer