I yngre steinalder byrja folk å verte bufaste og rydda seg land for å dyrke jorda. Stein vart rydda vekk, dei hogg trær og fjerna røter. Heilt frå dei eldste tidene rydda folk jorda ved å brenne. Eit slikt stykke land som var avsvidd, og kor stubbane sto att, vart kalla vål (váll).
Dei eldste gardane i Noreg bar ofte namn på -vin (gressgang), namn som kan gå heilt attende til steinalderen.
Ein av dei eldste gardane i Kristianiadalen er Vaalerengens hovedgaard, som tidlegare heitte Volin. Namnet er samansett av váll og vin. Same ord fins i Ullevål, namnet viser at rydninga etterkvart kom til å tilhøyre guden Ull.

Kjelde: Alexander Bugges Norges historie (1912).

Advertisements