Bror min (han kloke) har sagt at eg burde drive med keramikk eller biletkunst, ikkje utfrå evner, men behov. Eg likar nemleg godt at folk seier «åh, så fin ting du har laga!».

Denne fine tingen har eg laga:

bilde-154.jpgbilde-155.jpgbilde-158.jpg

Det er eit diplom som vinnaren av ein pris har fått. Ho fekk pengar og blomar og heider og slikt og. Sjølv er eg ikkje heilt sikker på kva eg får for det, men eg veit i alle tilfelle kva eg vil ha av lesarkrinsen min. Eg vil ha skryt.

Advertisements