Eg ramla over nokre blåggpostar om elitisme og det å vere litt kulare enn andre og slikt. Om å vere miljøbevisst og lese dei rette bøkene og meine dei rette tingene og vite med seg sjølv at det faktisk er noko som heiter god smak. Det var som å lese ting eg kunne skrive for ti år sidan.

Eg har vore temmeleg skråsikker.
Eg var svartkledd og politisk oppdatert og feminist og røykte rød mix og gjekk i skotskruta faldeskjørt, svart polo, svarte nettstrømper og doc m’s. Eg dansa med augene lukka på Garage og Hulen og var full av forakt for folk om begynte å like Doors etter filmen. Eg kunne obskure Leonard Cohen-sitat og las Bjørneboe. Eg visste kva som var rett, kva som var galt, kva som var teit og kva som var harry. Eg syns 58-kiloskroppen min var bælfeit og ikkjerøykarar var gudfryktige livsfornektarar og avhaldsfolk var klamme drittsekkar. Eg var veldig tørst og veldig forelska og veldig kul.

Det gjekk over.

No syns eg ungdommar stort sett ser vettskremte, kåte og fortvila ut. Dei kulaste ser uniformerte og trassige ut. Eg blir rørt. Men dei definerer ikkje korleis verda ser ut for meg. Eg ser djupare no. Inn i vaksne, småtjukke, slitne kvinner. Eg ser mødre som har ryggsmerter og store magar etter å ha takla svangerskap, barnepass, jobb, hus, rekningar og motgang. Eg ser menn med kvite sokkar i dei svarte, vonde skoene under dei litt for korte dongeribuksene. Eg ser menn som ikkje strekker til i eigne liv, som er redde for å bli avslørt av sjefen og avslørt av kona. Eg ser breiale menn som ler for høgt med stygge tenner og teite strikkegensrar. Eg ser menn som har gode vener og trives med seg sjølv, trass i at ingenting blei som dei drøymde om. Eg ser stivpynta jenter med steinharde magar som aldri tør puste heilt ut og vaknar om nettene og ikkje veit kvifor. Eg ser dramatisk kledde førtiåringar med svartfarga hår og gule fingre som aldri kom seg vidare frå å danse med lukka auge og forakte dei som tjente pengar.

Det gjekk over, og det er ingen veg attende.

Advertisements