bilde-161.jpg

Dotter mi på nettopp seks år sit og lagar bok. Ei sirlig og ordentleg bok, som ho har titulert «Eg er sur i dag». Arbeidet kom i gong fordi eg sat og las gårdsdagens avis her, der det var eit bilete av ei lita jente med ein bamse.
– Kva er det du les, mamma?
– Det er ei dame som har skrive at vaksne er for opptekne av at små jenter skal vere reine og flinke og ryddige. Ho syns små jenter bør få vere monstre av og til.
Seksåringen lo seg fillete. Eg forstår ikkje alltid kva ho ler av. Ho lo og lo, og så satte ho seg altså ned og teikna monstre.
No sit ho altså pent i ro og teiknar monstre.bilde-163.jpg
– Du mamma?
– Ja, vennen?
– Kan eg få begynne på ballett?

bilde-162.jpg

Advertisements