Folk flest er veldig flinke til å kjefte på seg sjølv. Anten er dei i full jobb og har fokus på den siste millimeteren dei kunne gjort betre, eller så har dei av ulike årsaker sjukmelding eller arbeidsløyse, og då slår dei seg sjølve i hovudet med det. Anten er dei foreldre og døyr litt av stress og bekymring, eller så er dei barnlause og stressar med at andre snakkar om ungar som evig saliggjerande, og kan anten kjefte på seg sjølve for å ikkje vere lukkeleg nok eller for at dei tek seg nær av andre sine kommentarar. Det siste der gjeld eit nærast uavgrensa antal andre tema. Eg strekk ikkje til, eg burde gjort, eg burde vere nøgd, eg burde slanke meg, eg burde vere nøgd med å ha helsa i behald, eg er jo i live, men eg er ikkje nøgd for faen!

Folk er ikkje nøgde, dei skammar seg, dei har dårleg samvit, dei kjeftar på seg sjølve.

Så: Dagens lille øving i å få eit betre liv er å rose meg sjølv.

Kva har eg faktisk gjort i dag?
– Eg sto opp. Eg hadde jammen ikkje lyst, men eg gjorde det.
– Eg er rein og kledd. Det er noko det og.
– Eg kom meg på jobb.
– Eg har utført opptil fleire ting på jobb i dag, av den typen som eg er betalt for å gjere.

Kva har eg gjort for meg sjølv i dag?
– Eg har ete ei skulebolle og drukke appelsinjuice.
– Eg har teke sonen min på fanget og trøysta han og småprata emd han etter han var ferdig trøysta, berre fordi det var koseleg, sjølv om me hadde dårleg tid.
– Eg har skrive på blåggen min.
– Eg har ikkje røykt, og det er framleis noko å skryte av.

Kva har du faktisk gjort i dag?

Advertisements