Nokre gonger står ein i slike situasjonar der ein smiler og lytter og forklarar, og først etterpå kjem i tankar om kor deileg det ville vore å skrike at folk kan berre drite i det og gjere det sjølv for faen. Nokre gonger regnar det når det einaste ein vil er å sitje på trappa og hulke i fred utan å bli våt i håret, berre på genseren. Nokre gonger er det berre reklame i postkassen når ein sprang dit midt i ein høljebye for å hente ei bok ein ventar på.

Nokre gonger vil eg berre falle av verda og sveve vektlaus og fargelaus rundt i duften av nybakt brød, men så gjer tyngdekrafta det slik at eg ikkje klarar å riste av meg kloden.

Nett no er det slik, og så rista eg litt på Orakelet. Og det svara:

«Then again, I sometimes announce that I’m falling off the world, and then follow it up with lots of posts about random things, so you never know.»

Snart er brødet mitt ferdig steikt.

Advertisements