Lotten har ein sånn fin blågg som eg gidd å klikke innom sjølv om ho ikkje oppdaterar kvar dag. Ein gong var eg nominert til ei sånn Vekas post-greie, og spurte nokre venner om dei ikkje kunne stemme. Dei stemte på Lotten, dei. Fordi ho var nominert med ein politisk satireteikning som var betre enn posten min.
Ja, om du ikkje likar meg no, Lotten, så kan det visst vere det same.

Uansett. Ho har skrudd av kommentarfeltet inne hos seg så me får ho ikkje i tale.
Men blåggen hennar har ein slags funksjonsskildring: «Hun blogger mens hun forsøker å finne ut om hun vil bli forsker, byråkratpamp, eller kanskje noe helt annet. »

Eg treng å snakke med akademikarar som lurer på slikt. Kva dei skal bli.
Eller kanskje eg berre treng å snakke med en *host* coach.
Eller eg treng å snakke med meg sjølv.
For eg skal slutte å gjere det eg gjer og altså gjere noko nytt. Det fører til at eg nokre timer i slengen føler meg vaksen og modig, og så har eg ti minuttar innimellom der eg er 12 år gammal og tenker at eg kanskje burde blitt keramikar eller skipsreiar eller direktør eller noko. Ja, det var det eg svarte dengong. Læraren skreiv det på tavla. Me skulle skrive fem interessante yrker på ein lapp. Det var ein del av eit prosjekt som skulle vise at jentene valgte mellom få yrker og gutane mellom mange. Eg utvida jentefeltet med fem yrker.  Eg skreiv to meir. Eg har hatt dei to andre. Faktisk har eg det eine av dei nett no.

Så, Lotten, om du er der ute og veit noko om kva ein kan gjere når alle ønsker er oppfylt og alle draumar er røynd og ein er sliten og lei og grin for den minste ting, så hev stemma di.

Ja, i grunnen er det heilt greit om andre enn Lotten seier noko. Alle som er kloke og snille og vil meg vel, faktisk.

Reklamer