Eg ser at det er blitt veldig lite myte og historiestoff på blåggen i det siste.
Eg er visst inne i ein ny fase i prosjektet mitt, eg vil ikkje dele noko med andre.

Eg er begynt å komme meg frå research og planlegging til å gå i gang med å skrive sjølve teksten. Ikkje fordi strukturen på historia er ferdig, bevares. Men eg er begynt å bakse med tekst.

Og eg merker at i høve det arbeidet vert eg meir innadvent, sårbar og lite interessert i innspel frå andre.

Det er litt fint. Takk for meg.

Advertisements