Eg sov to timar på sofaen i går ettermiddag, og tolv timar i natt. Likevel kjentes det ut som om eg slett ikkje hadde sove då eg sto opp. Heile dagen har det kjentes som eg skulle sovne.

Gjekk rusletur med ungane i byen og lot dei få is og bløtkake og leike med lego i ein klesbutikk og leike lenge på eit leikestativ på torget. Sat og venta, duppa nesten av.

Rusla heim att, gjennom parken. Der var det ein trio som spela strengemusikk, og nokre benker med folk som sat i sola og lytta. Hundre kroner, og så fekk ungane ete vafler og drikke saft, medan eg fekk ein kopp kaffe.
Eg sat på ein flat stein inntil treveggen på årehuset og lytta til hardingfele og kontrabass, lot meg varma av sola, medan ungane sat rake som lys på trebenkene og åt vafler.
Då kjende eg at eg var lukkeleg.

Så vitja me venninna mi som har fått baby. Guten sov heile tida medan me var der, men var nydeleg og perfekt og venninna mi og eg fortalte fødehistoriane våre til kvarandre. Eg renner liksom over av eigne fødslar når eg snakker med barselkvinner privat. Sikkert fordi eg sit med så mykje sånt på jobben der eg ikkje får sleppe til. Men fint var det.

Etter middag og barnetv var eg og ungane i hagen i halvanna time.
Luka masse og sette poteter. Sikkert litt seint å setje poteter no, men det var no eingong no me fann ein pose godt spira nypoteter i skuffen.
Så serverte eg jordbær med fløyte til kvelds, og så vart varme solungar lagt.

No har eg nett vore i hagen med verdas finaste mann og drukke eit glas god raudvin under epletreet. Himmelen var lyrisk og oransje overalt, graset angar av nyklypt og det er tjue grader.

Og i morgon er det også ein fridag.

Advertisements