Beate Grimsrud fortel på P2 om at ho las matematikkens kulturhistorie og slikt, om strengteori, noko med å foreine det største og minste i universet til ein teori, og strengteoretikaren i boka hennar freister også å forklare dette til vanlege folk.

Eg sit og tenker at det ikkje kan lukkast å forklare det kompliserte til vanlege folk, men mest fordi det ikkje er så god kontakt mellom hjernane våre. Me har dette skrøpelege språket, og så kan me vise kvarandre todimensjonale modellar og er me desperate nok nyttar me tredimensjonale figurar. Men det nytter ikkje likevel, for alle dei grautete og rare og ikkjesanselege tankane kan ikkje formidlast.

Ikkje til strengteoretikarar.

Ikkje til vanlege folk.

Advertisements