Dette treng landsbyidiotar som meg å vite om Oslo:

1. Frå Gardermoen går det flytog rett til Oslo S. Rett utanfor hovudingangen finn du Trafikkanten og der inne svarar dei på sånne teite spørsmål om kvar ting er og slikt. Men viktigst: Dei gir deg eit kart. På kartet lagar dei gjerne små ringar kring dei stadene du har spurt om. Dette kartet beheld du i veska.

2. Trikkar går i eit virvar overalt. Det er ikkje så lett å vite kva trikk ein skal på. Men ein kan spørje. Om dei som ventar på trikken ikkje kan svare, så kan trikkesjåføren. Dei er mykje greiare og meir sørvisinnstilla enn du kan drøyme om. Men du må snakke fort og komme til poenget og ikkje dra ut sånne lange Alta-setningar, for då køyrer dei berre vidare og du kan du bli hengande halvt ut av trikken og døy.
Bruk heller kartet du har i veska og spør kjapt.

3. Det er minibankar inni Deli de Lucaene og Seven 11ane. Og dei er overalt. Der selger dei også tannkost og kondom og deodorant og kaffe og noko du kan ete til frukost på veg heim. For å finne heim att til hotellet eller kursstaden: bruk kartet du har i veska.

4. Om du skal frå Karl Johan-sentrum til Grünerløkka-sentrum må du gå over ei bru der du kan få kjøpt narkotika, bli rana eller valdteken, eller i alle fall bli fortalt etterpå at alt dette kunne skjedd.

5. Sentrum er ikkje større enn at du kan gå overalt, dei beste restaurantane er indiske, og dei beste butikkane finn du sikkert ikkje. La være å bruke pengane dine på ræl, sett deg heller på ein utekafe og røyk masse så lenge det er lov, og sjå på horene så lenge det er lov.

6. Når du er full bør du ta drosje.

7. Ikkje ha høge forventingar. Det er ein ganske stygg og ganske liten og ganske keisam by.

Advertisements