Radiohode har utfordra meg til å fortelje kva eg no kan feire 20-årsjubileum i høve.

1. Musikk: 1987 var året då eg tok endeleg avstand til listepop. Frå då av var det Waterboys, Smiths, U2, Pixies, Van Morrison, Jesus and Mary Chain, Sugarcubes og Cure. Det var ikkje akkurat band som var særleg hemmelege, men dei blei ikkje spela på radioen heller. Og i alle tilfelle ikkje på platespelarane til alle idiotane.

2. Politikk: 1987 var året då eg vart politisk overbevist. Dengong fanst eit fantastisk politisk parti, det heitte Unge Venstre, og der var det rom for homofile, vegetarar, miljøbevisste og folk som interesserte seg for skjæringspunktet mellom filosofi, etikk og realpolitikk. Me sat seks mennesker kvar onsdag og hadde møte. Drakk te og snakka om sosialliberalisme, samfunnsløn, flat skatt, fridom for den einskilde og rammer som sikra velstand og velferd i samfunnet.
Grunnlaget vart lagt for alt eg framleis tenker inni meg om kva eg trur på politisk.

3. Kjærleik: 1987 var året då eg var så forelska i Jarle at eg var villig til å vere venninne, klinekompis, ikkje få korkje sex eller gjengjeldte ømme blikk, så lenge eg fekk være nær han. Det gjorde vondt heile 1987. Det tok mange år før eg tok særleg lærdom av det. Eg gjentok «suksessen» med ein kompis mange år seinare. Men dette var altså første gongen er prøvde meg på denslags: Forelska i bestekompisen.

4. Vennskap: Dette året var eg verkeleg avslappa og glad og hadde fleire gode jentevenner, og gode kameratar. Vennskap var trøblete på forskjellige måtar både i barndommen og puberteten, med intriger og Tuppen og Lillemor-greier. Men i 1987 var det så greit. Sånn greit heilt på ordentleg. Eg var i grunnen ein ganske harmonisk sekstenåring.

5. Sex: Ja, eg fann altså ut at det kunne gjerast uavhengig av kjæresteriar. Ikkje at eg gjorde så mkje praktisk ut av den oppdaginga. Men den kom jo vel med seinare. Meir er det vel knapt nok å seie om den saken. Mor mi les blåggen. Så eg må skunde meg å tilføye: Det VAR aldri nokon orgiar. Verkeleg.

6. Utlandet: Foreldra mine hadde pliktoppfyllande teke meg og bror min på turar Ut i Europa heile barndommen. Men i 1987 reiste eg med ei venninne. Til Alcudia. Utan foreldre.
Eg oppdaga at Utlandet var veldig fint. Det ga meirsmak. Mor mi les blåggen. Så eg må skunde meg å tilføye: Det VAR aldri nokon orgiar. Verkeleg.

7. Svart: Frå omlag 1987 og til no har eg hatt mest svarte klede i skåpet. Tenk. I 1986 hadde eg til og med nokre rosa klede.

8. Ung Vaksen Meg: Sjølvtillit. Attitude. Røyking i skulegarden. Krangle med læraren om feminisme i kristendomstimane. Henge på kafe etter skulen. Meine noko om alt og drikke kaffe.

Det var svære greier. 1987. Steike. Eg hadde heilt gløymt det. Takk, radiohode.

Eg utfordrar nokre blåggarar til å ta si eiga reise tjue år attende:
Blåggen eg og ei anna held liv i.
Ho eg held blåggen i live i lag med.

Begge er så unge at dei kanskje vart født då eller noko. Men dei kan jo spørje mor si. Lukke til.

Reklamer