No har eg altså vore i sommarhuset, der det er gras og blomar, eiketre på tunet, rullesteiner i stranda og så stilt om natta at ein trur ein er blitt døv og må lage litt lydar for å forsikre seg om at det ikkje er tilfelle.
Eg skulle finne ting som var blitt borte medan eg hadde det for travelt.

Dette fann eg:

  • Det er fint å spele Mika høgt og danse seg heilt svett aleine.
  • Det er fint å dusje om natta etter ein har dansa seg svett.
  • Eg kan smørje meg sjølv på heile ryggen med solkrem.
  • Eg blir ikkje så fort solbrent på leggene.
  • Men jammen blei eg det likevel fordi eg sovna i sola på eit svaberg.
  • Kvite og svarte fuglar med langt raudt nebb lagar utruleg mykje bråk om dei ser for seg at du skal røve reiret deira. Dei manglar også evnen til å chille etter ei stund. Ein kan like godt berre finne seg ein annan strand.
  • Eg likar Frode Grytten. Verkeleg.
  • Eg søv 12 timar kvar natt om ingen vekker meg.
  • Det tek meir enn tre kvarter å gå til snøggbåten frå sommarhuset.
  • Ein får gnagsår om ein spring i nye sandalar.
  • Eg tenker framleis så mykje på jobben at eg vaknar ti gonger kvar natt og bekymrar meg.
  • Det er ikkje meininga at vaksne folk skal sove halve døgeret og vere kvalme og bekymre seg for jobben heile tida.
  • Eg har fine vener som eg er glad i, sjølv om mange av dei er mange mil borte.
  • Det er mykje bladlus i år. Heldigvis er det også mykje revebjøller, og det er den finaste blomen eg veit.
  • Eg må begynne å meditere regelbunde igjen. Og trene. Lange turar.
Advertisements