Det er openbart eit visst behov for å bli sjokkert, og for å sjokkere. Aviser og kulørte vekemagasin gjer mykje ut av det sjokkerande i valdsbruk, narkotikabruk og pengebruk. Eg kjenner meg nummen og trist, og lurer på om eg har bruk for å bli skikkeleg sjokkert. Dra på slumming eller sjå ein gammaldags 80-tals skrekkfilm eller snike meg inn på kirurgisk. Sjå noko skikkeleg fælt. Det må jo vere nyttig for noko, så oppslukt som alle er av det sjokkerande?

Det er mykje som opprører og engasjerer emg, men eg blir visst ikkje så ofte sjokkert.
Sjokkert er ei kjensle som krever at ein verkeleg, verkeleg ikkje trudde at «sånt kunne skje», og så skjer det. Tenk! Oi! Herregud! Fytti rakkeren! Det var som satans!
Eg har sett ein del rare ting, og lese om og blitt fortalt veldig mykje meir.

Det er ein vesens forskjell på å lese om noko, og å høyre om det frå folk som fortel om eigne opplevingar. Å sitje saman med nokon som fortel om eigne forferdelege og gripande historiar gjer noko med ein.
Men det er også ein vesens forskjell på å lytte til ei historie, og å vere der når det skjer.
Det som hender i virkeligheten er så usensurert, uforutsett, uplanlagt. Du går tur langs vegen med hunden, og så køyrer ein bil rett inn i eit tre foran deg. Lydane, lukta av brent gummi og bensin, tida frå det skjer og til ein skjønar at det faktisk skjedde. Her og no. Ei historie utan byrjing og slutt, berre eit lausrive og uforutsett fragment. Ein bil som køyrer inn i eit tre. Redsla og gruen, sit det ein daud mann der inne no? Kva skal eg gjere? Er det 110 eller 112 eller 113 som er rett telefonnummer no igjen? Skal eg ringe mor mi? VG? Skal eg freiste få opp døra? Vil bilen brenne? Eller skjer det berre på film?

Det skjer sjeldan. Og når det skjer, blir folk ofte sett ut av spel i lang tid. Endelause månader og år med forutsigbart og keisamt liv bak skranken i banken, og ein dag kjem ein fyr inn med pumpehagle. Ingen er førebudd på slikt.
Me har så rolege liv. Alt er så likt og rutineprega.
Og me er så dårleg førebudd på kriser og bilar i tre og pumpehagler i banken.
Det blir fort nattevåk og angst og mareritt og påtrengande minner av slikt.

Skrekkfilmane virker ikkje preventivt. Tabloidavisene fungerer ikkje. Me berre plukkar borti sjokkrefleksen, men utløyser den ikkje eigentleg.

Folk les avisa i lunsjen og seier at noko er SJOKKERANDE!
Eg trur dei lyg.

Dei vil gjerne vere sjokkerte, men dei er det ikkje. Og når sjokket kjem, så er dei ikkje førebudde.

Advertisements