Dei siste to vekene har eg hatt god gammaldags ferie. Sånn som ein berre har når ein er ugift og barnlaus og ansvarslaus og giddelaus. Eg har vore i sommarhuset med foreldra mine og me har spela yatzi. Vore på fisketur i blåbåten i duskregnet. Plukka blåbær og berre ete dei. Knipsa bort flått frå buksebeina. Lese bøker. Brit Bildøen og Håkan Nesser. Sove frampå. Meir og meir frampå, faktisk. Så mykje frampå at det heiter å snu døgnet. Drukke kvitvin om kveldane. Smugrøykt. Sett den der Helen Mirren-filmen om då Lady Di døydde og berre Tony Blair skjønte seg på det britiske folket.
Huset er merkeleg stille og ryddig, og eg har begynt å flytte rundt på potteplantene.

I kveld kjem dei heim. Mannen og ungane mine. Gjengen min. Familien min. Flokken min.

Den minste i flokken har visst slutta med nattbleie mens han var i Danmark. Ganske tøft, spør du meg. Frøken Dings på seks år kjem nok til å snakke kav dansk i nokre dagar før ho finn attende til heimemålet.
Og han eldste, mmm. Det blir fint å få han heim.

Advertisements