Frida freistar å gjere nettet køyrbart og farbart og slikt. Sjølv er eg oppvaksen på lukka nettforum, og etter eit kort halvår i blåggebyen ser eg at gamle vanar ikkje let seg endre. Eg er sikkert ein hund eller noko. Men altså, eg føler veldig for å formulere mine eigne reglar på nett.

1. For guds skuld ikkje berre jatt. Jatting gjer seg knapt nok munnleg, og aldri skriftleg. Ta deg litt saman og forsøk å formulere noko med bittelitt innhald, anten det er morsomt, politisk, opprørande, freistande eller irriterande.

2. By på deg sjølv. Du kan aldri spele ei rolle betre enn du kan vere deg. Folk trur dei kan «innta posisjonar» i debattar, og vere interessante. Det kan dei ikkje. Dei vert berre irriterande på den teite måten. Og ikkje tru at du kan skape ei truverdig rolle over tid. Du berre spelar ut dine eigne fordommar. By på deg sjølv, og opne opp for kreativitet, mangfald, refleksjon, empati og reelle møter.

3. Det er lov å være ærleg, det er lov å seie unnskyld, det er lov å vere engasjert, det er lov å innrømme feil, det er lov å ta omsyn til andre, det er lov å drite seg ut, og det er lov å tenke seg om før ein postar.

4. Men for guds skuld ikkje berre jatt.

5. Alt kan vere interessant for andre, om du følger dei øvrige reglane.

6. Det er ikkje noko poeng i å krangle med idiotar.

7. Det er ikkje andre som «øydelegg diskusjonen med å henge seg opp i skrivefeil». Det er du som øydelegg kommunikasjonen med andre ved å skrive dårleg.

8. Alle kan ikkje elske alle.

9. Alle kan ikkje forstå alle.

10. Men nokon er verkeleg idiotar.

Advertisements