Eg er til no nøgd med den vanskelege samtalen eg og seksåringen har hatt.
«Du, eg syns du skal vite at det fins nokon voksne som ikkje er greie.»
«åh?»
«Ja, det fins nokon voksne som trur dei kan vere kjæraster med born slik som vaksne er kjæraster med kvarandre. Og dei kan virke veldig greie og sånn, men det er galt likevel.»
«Jammen kva gjer dei då?»
«Nei, då vil dei ta på ungar og vise tissen sin og sånn. Det er slikt vaksne gjer med kvarandre når dei er kjærastar.»
«Kan det vere kven som helst liksom?»
«Ja, det kan kanskje det. Men det er ikkje så mange då. Dei fleste vaksne skjønar jo at sånt med å kike i rompa og sjå på tissen og sånn er noko vaksne ikkje kan gjer med born.»
«Jammen, om nokon vil det då?»
«Nei, då berre spring du din veg. Det er kjempeviktigt at du ikkje begynnar å snakke med dei om det og sånn, du veit jo, dei vaksne er så flinke å snakke som om dei alltid har rett i alt. Om eg plutseleg begynte å seie at du ikkje skulle få laurdagsgodt meir så kunne eg snakke og snakke og til slutt ville du kanskje tenke at eg hadde rett. Sjølv om du var lei deg og syns det var urettferdig. Sånn er det med dei vaksne som vil vere kjæraster med ungar og. Dei snakkar og snakkar, og til slutt trur ungane dei har rett. Men dei har ikkje rett. Så berre spring du,»
«Jammen om dei seier at dei blir sinte då?»
«Då spring du heim til meg og seier det. Og så skal eg bestemme kva som er rett»
«Okei då.»
«Fint.»
«Om det er nokon eg kjenner då?»
«Då og.»
«Okei.»

Håpar berre det er bra nok.