Kakeselskap inne. Disney. Utkledningsfest med ansiktsmaling og heksekjolar. Ut i regnet og plukke blåbær. Bygge hytte under stovebordet. Gå på kafe. Besøke oldemor. Modellkitt. Dukker. Fingermaling. Danse i stova (ikkje nokon suksess, treåringen gjekk heilt i stykker over at me først ikkje ville spele Kaptein Sabeltann, og så over at me ikkje tok Kaptein Sabeltann seriøst nok). Sneglemyrding med pinnar og stein. Perling.

Bortsett frå blåbæra skulle ein tru det var vinter, slik me held på. Regnkleda mine ligg i sommarhuset, men no har eg fått forært ei regnkappe. Eg skal ta han i bruk. Skal berre sjå Dumbo ferdig først. Og ete litt meir kake.

Avil si nye regnkappe

Advertisements