Eg er livredd for at nokon skal seie noko som helst om kva som hender i Harry Potter and the Deathly Hallows. Eg er allereie fortvila over dei to linjene og terningkastet som ei av drittavisene hadde på forsida i dag. Eg vil verkeleg ikkje vite noko som helst. Eg har det som far til George Costanza, eg vil ikkje påverkast i det heile.

Derfor kan eg ikkje vere på nett eller sjå fjernsyn eller få i butikkar eller kioskar med drittaviser.

Eigentleg like greitt.

Eg har nemleg funne ut at hjernen min begynner å virke så smått igjen, og eg trur eg kan takka mi sjølvpålagte tilbaketrekking frå sivilisasjonen. Eg har vore i sommarhuset ei tid no. Der har eg lese bøker, plukka blåbær og bringebær, rodd, leita etter krabbar med ungane, spikka pilar og bogar, sett kronhjort på svært nært hald (12 takkar), og eg har ete meir jordbær med fløyte enn bikinikroppen hadde godt av. Ikkje at det har gjort så mykje, det har ikkje vore bikinivær, og dessutan er det jo berre folk som verkeleg elskar meg som har kunna sjå meg i alle høve.

Så, ha det fint så lenge. Og hugs: Bøker skal kjøpast hos bokhandlaren, ellers forsvinn alt anna enn Potter og legeromanar og krim.

Advertisements