Når eg les bøker let eg meg forføre. Det hender forføraren, i dette tilfelle forfattaren, er litt klønete i blant, men eg er som regel mildt stemt og let småtteri passere. Eg vil jo bli forført.
Å lese er å la seg forføre til eit kortvarig forhold. Eg veit det har ein ende, om dagar, veker eller i beste fall månader, men det har ein ende. På sitt beste er desse litterære forholda nærast perfekte. Beina vert straks feid vekk under meg, eg klamrar meg til permane medan tida går frå meg, eg ler og gruer meg og krøller tær og blir rasande og i blant gjev eg meg over i hulking under dyna. Så er det slutt. Og eg har liksom ikkje hatt ansvaret for noko av det, det er boka som har styrt heile greia. Eg kan legge ho frå meg med lett sorg og vite at den neste forføraren allereie ventar på nattbordet.

Å skrive bøker er noko litt anna. Då snakkar me alvorleg og bindande forhold, ansvar, oppvask, krangling og periodar der ein er drit lei og berre vil gå frå heile boka. Skikkelege forhold er mykje strev. Eg gjev og gjev alt eg har i meg, og er i blant svært usikker på kva boka gjev attende. Eg trøyster meg med at fnisinga, stoltheten og dei tårene eg fell når eg skriv orda sjølv stikk djupare og varer lengre enn ein sommarflørt med ord eg har kjøpt meg til.

Heldigvis er boka mi ikkje oppteken av trufasthet. Eg kan faktisk la meg forføre av den eine kjøpeboka etter den andre innimellom. Boka mi syns i grunnen berre det er fint. Pauser er skikkeleg bra for oss i blant. Eg kan til og med skrive andre ting utan at det blir noko sutring.

Eg er i grunnen eit veldig heldig bokmenneske.

Advertisements