Det høyrest så greit og antropologisk ut når rel.vitarar analyserer New Age.
Siv Ellen Kraft meir enn antyder at fordømming eller latterleggjering av engle-Märtha bør sidestillast med latterleggjering av religion, religionsfridom og folks rett til å velge si eiga verdsanskuelse.
Ut frå eit reindyrka religionsvitskapleg perspektiv gjev dette mykje meining. Og meir meining gjev det når fagfolk innan sitt felt flesker til med interessante analysar ein veit ein ikkje sjølv ville vere i stand til.

Men dette er ikkje religion aleine. Dette er samfunn. Dette er mennesker. Dette er butikk. Og eg har arbeidd innan psykisk helse lenge nok til å vite kven mange av kundane er.
Om dei berre var styrtrike heimefruer frå Oslofiffen som har grubla litt på kva åndelighet som eigentleg sprer seg som varme i kroppen når dei er ute å rir, så velbekomme.
Men kundekretsen til healarar og dei som hevder å kunne komme i kontakt med det hinsidige består også av folk som vanlegvis ikkje ville kasta penger etter slikt. Folk som stort sett ikkje har råd til å bruke 40 000 ekstra på noko. Folk som vanlegvis fnyser av slikt. Når dei har det bra.

Når Rikshospitalet sine kvitkledde fortel ei kvinne med to små born at dei ikkje vil fortsetje med cellegifta, men at dei vil kunne tilby rikeleg smertelindrande i tida som er att, er ho villig til å både tru og betale.
Når ein er desperat av sorg over dei ein har mista, når den store, vesle ungen din har teke livet sitt.
Når livet føles uoverkommeleg og ein grip etter håp i det usannsynlege.

Då grip ein etter englar og handspålegging og spåkvinner. Og pungar ut. Prinsesse Märtha Louise kan handle i så mykje overbevisning og god tru ho vil. Eg har lese avisene desse dagane. No tilbyr dei gode pengar til alle som kan fortelje om synske evner og liknande. Märtha er i denne veka med å legitimere den sjukaste og mest øydeleggjande bransjen som fins. Dei som tek pengar frå dei desperate, dei sørgande, dei døyande og dei psykisk sjuke, og gjev dei vegar å gå som ikkje fører nokon stad.

Ein kan latterleggjere om ein vil. Eg ler ikkje. Eg er rasande.

Kvakksalvarlova er avskaffa, men autorisert helsepersonell er framleis underlagt eit strengt regulerande lovverk. På heimesida til Prinsessa sin skule skriv ho at ho er fysioterapeut og gjer dermed eit poeng ut av å knytte helsepersonellautorisasjonen til Astarte. Ho bør haldast foran lov og rett. Så vidt meg bekjent er ikkje ei kommersiell prinsesse unnteke landets lover.

***

Tilføyd 15.10.07: Eg tok feil. Prinsesse Märtha Louise er heva over lov og rett, så lenge ho held på prinsessetittelen. Dersom ho gjev avkall på sin kongelege tittel «vil [hun] miste sin immunitet mot straffesøksmål og vil kunne bli straffet på lik linje med andre sivile borgere, sier Karl Harald Søvig.» Sitat frå Bergens Tidende.

Advertisements