Dette er ein heimesnikra poll. Det betyr at du i kommentarfeltet kan svare ja eller nei eller veit ikkje på ein bestemt problemstilling. Folk som er sørgeleg rigide og overorganiserte og tvangsprega og konforme (altså dei som har ringeklokke og/eller dørskilt) kan berre la vere å svare. Dersom ingen svarer går eg ut frå at alle meiner det er uhørt å bruke tid på slikt som ringeklokker og dørskilt, då dette er for dei sørgeleg rigide og overorganiserte og tvangsprega og konforme (altså dei som me ikkje vil assosierast med).

Spørsmål: HAR DU RINGEKLOKKE OG/ELLER DØRSKILT?
Svaralternativ:

1. Nei.
2. Veit ikkje.
3. Anna: Forklarer med eigne ord i kommentaren.

Reklamer