• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: august 4, 2007

Instruksjonar

04 lørdag aug 2007

Posted by Avil in Kimsekken

≈ 16 kommentarer

Eg har vore i skogen og ved stranda med ungane i dag. I skogen finn dei seg alltid ein eller annan svær stein og skrålar lukkeleg «Eventyrstein! Eventyrstein!». Då er det berre å belage seg på å finne på eventyr, men dei er eit raust publikum og tåler gjentakingar også.
Mens eg hjalp den minste opp på steinen i dag, kom det frå seksåringen:
«- Du mamma, du er veldig flink å finne på eventyr. Men du er ikkje så veldig flink å finne på songar.»

No har det seg slik at eg utelukkande finn på songar på bestilling. Eg er kanskje midt inne i Når jeg legger meg til hvile tretten engle om meg står, og blir avbrote av bestillingar. «Eg vil heller høyre ein song om ein kalv og lørdagsgodt og ein liten, liten fisk!» seier treåringen. «Vent litt,» seier eg tjenestevillig. «Og ei havfrue og ein barba-ubåt og to blekksprutar,» tilføyer seksåringen. Og så syng eg. Med lange liturgiske vers om kalvar i ubåtar som et lørdagsgodt. Undervegs er det gjerne ytterlegare spesifikasjonar og endringar. Ungane mine kjem nok til å ende i Statoil.

Og så dette: Ikkje så veldig flink å finne på songar.

Neste gong får dei beskjed om at songen er ganske gratis og ingen tvingar dei.

Brage-Avil

04 lørdag aug 2007

Posted by Avil in Kimsekken, Norrønt

≈ 14 kommentarer

logo
Hvilken norrøn gud er du?
Mitt resultat:
Brage
Guden for diktning og skaldekunst. Han er også kjøkkenmester i Valhall
Ta denne quizen på Start.no

Nok eingong, få overraskingar. 😉

Brunevarer og kvitevarer

04 lørdag aug 2007

Posted by Avil in Kimsekken

≈ 6 kommentarer

Venninne i telefonen: Det var i grunnen først då eg var 22 at eg forsto kva kvitevarer var. Eg trudde det var laken og håndklede og slikt. Så då utleigar spurte om eg hadde kvitevarer svara eg sjølvsikkert «åh ja, massevis». Då eg flytta inn lærte eg jo noko nytt.
Avil: Haha, ja, kvitevarer må ein jo ha, og brunevarer. Til kjøkenet.
Venninne: Huh?
Avil: Ja, kvitevarer er jo vaskemaskin og tørketrommel, brunevarer er komfyr og kjøleskåp.
Venninne: Kjære deg då, eg trudde eg var dum.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

august 2007
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« jul   sep »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 89 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen