Eg har vore i skogen og ved stranda med ungane i dag. I skogen finn dei seg alltid ein eller annan svær stein og skrålar lukkeleg «Eventyrstein! Eventyrstein!». Då er det berre å belage seg på å finne på eventyr, men dei er eit raust publikum og tåler gjentakingar også.
Mens eg hjalp den minste opp på steinen i dag, kom det frå seksåringen:
«- Du mamma, du er veldig flink å finne på eventyr. Men du er ikkje så veldig flink å finne på songar.»

No har det seg slik at eg utelukkande finn på songar på bestilling. Eg er kanskje midt inne i Når jeg legger meg til hvile tretten engle om meg står, og blir avbrote av bestillingar. «Eg vil heller høyre ein song om ein kalv og lørdagsgodt og ein liten, liten fisk!» seier treåringen. «Vent litt,» seier eg tjenestevillig. «Og ei havfrue og ein barba-ubåt og to blekksprutar,» tilføyer seksåringen. Og så syng eg. Med lange liturgiske vers om kalvar i ubåtar som et lørdagsgodt. Undervegs er det gjerne ytterlegare spesifikasjonar og endringar. Ungane mine kjem nok til å ende i Statoil.

Og så dette: Ikkje så veldig flink å finne på songar.

Neste gong får dei beskjed om at songen er ganske gratis og ingen tvingar dei.

Advertisements