Eg har høyrt nokre flosklar om imperier som nærast er blitt ordtak eller sanning, sidan dei er gjentekne så ofte: Alle stormakter vil falle til slutt. Eit imperium vil til slutt pregast av dekadanse, og då fell samfunnet frå kvarandre.

dekadan’se m1 (el. utt -dan>gse; gj fr frå mlat; av de- og lat. cadere ‘falle’) forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)

Vår tids stormakt i vår del av verda er altererande omtalt som USA, EU, Vesten. Noreg står formelt utanfor det europeiske fellesprosjektet EU, me er medlem av NATO og heier forsiktig på USA, mens me snakkar skit om dei. Men alt i alt har eg fått med meg einslags (uansett kor problematisk og samansett) fellesskapskjensle mellom vest-Europa og USA: Vesten. 

Kvar er no Vestens truande dekadanse?
Er det verkeleg rikmannsdøtrene som sprutar dyr champagne over kvarandre sine utsulta bikinikroppar som vil føre til at verda slik me kjenner den vil møte sin ende?
Er det verkeleg universitetsungdommens flørt med anarkistisk litteratur og cannabis som vil styrte Europa og USA?
Er det interiørpyntesjuke og matsnobberi i middelklassen som vil føre Vesten ut i forfall, tilbakegang og oppløysing?

Eg ser Vesten som ei samling land som har vore gjennom opplysningstidas revolusjon, der akademiske utdanningsinstitusjonar har fått vekse og gjere seg til interessefrie maktfaktorar. Demokratia er tufta på at alle kan delta i styringa av eige land, dersom kvar enkelt borgar vert opplyst. Det å vere opplyst inneber at ein kan lese, at det er ei fri presse, at litteraturen er fri, altså at det ikkje førekjem sensur, og at det akademiske idealet om rasjonalitet og kritisk sanningssøken  ligg i botnen for dei enkelte sitt verdsbilete, handlingsalternativ og etikk.

Slik er Imperiets fall immanent i Imperiets storhet.
For me kan ikkje kreve at kvar enkelt borgar skal vere eit slikt opplyst, sanningssøkjande menneske. Snarare tvert om, det ligg i demokratiets og tanke- og uttalefridommens natur at det nettopp skal vere rom for å avvike frå idealet.
Ateistiske og naturvitskapleg orienterte demokratar vil alltid forsvare sine medmenneskers rett til å tru på og snakke om irrasjonelle idear. Det irrasjonelle er demokratiets smykke, eit strålande bevis på fridom, raushet, eit bevis for at ein er evig villig til endring og muligheten for at ein tar feil. Det ufornuftige er fornuftens diadem, sjølve krona som viser at ein aldri skal synke ned i sjølvhøgtideleg rigiditet og menneskefiendteleg eksklusivitet.

Diademet er blitt tungt å bere. Dei store religionane kristendom og islam har temmeleg god oppslutning framleis, trass i all utdanninga og alle avisene me har å by på. Den nåkalla New Age-rørsla har me kanhende ikkje vore så merksame på, men avisene er fulle av spåkoner og yoga-kurs, meditasjonstrening og dansekurs der ein kjem i kontakt med urkvinnen eller totemdyret sitt. Spør du dine venner, vil dei kanskje ikkje kalle seg kristne, men du vil kanskje finne overraskande mange som seier at «det er meir mellom himmel og jord» eller «eg trur på noko, eg vil ikkje akkurat kalle det Gud, men eg veit ikkje, kjærleiken kanskje, eller krefter me ikkje forstår». Religiøse strømningar finn du både som dei store breie elvane av katolikkar, kristenkonservative protestantar og alle slag nykristne, samt dei muslimske innvandrarane i mange variantar og deira ikkje-ateistiske born, og dei millionar av «personleg søkande» som finn sin eigen måte å vere irrasjonelle på.

Er religion dekadanse?
Individets religiøse søken fell neppe inn under nevnte ordboksdefinisjon av «forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)». Det er likevel min påstand at Vestens sjølvpålagte ukritiske haldning til det irrasjonelle ved religion tek uakademiske og dermed udemokratiske proporsjonar. Ingen andre tankar eller idear i vårt samfunn møter samme berøringsangst ved universiteta, ingen andre påstandar blir ståande uimotsagte, ingen andre tradisjonar og ritual vert verna om utan spørsmål.
Sjølvsagt fins kritiske røyster, men då gjerne i form av anten Idioten eller den servile Filosof, desse to rasjonalietens narrar som verken når fram til den dei kritiserar, eller finn plass på forsidene. Det vil seie, dersom Idioten i blant er ein profilert politikar, kan han få spalteplass, men då berre som sensasjonsmateriale. Aldri som seriøs kritikk av det religiøse.
Den akademiske diskurs tek ikkje i det verkeleg irrasjonelle.

Foran opplysningstidas vaskemaskin, vert religion den nydeleg broderte silkekjolen som det står «kun rens» på, og som dermed berre blir hengt forsiktig til lufting. Den tåler ikkje vask, og er for nydeleg til å bli kasta.

For me treng det nydelege.
Også vestens alfabetar ber i seg lengselen etter barndommens magi, lengselen etter meining i det meningslause, lengselen etter poesien i tordenskyene og den større viljen bak den truande miljøkatastrofen.
Me treng det vakre.

Og me tillet dei irrasjonelle broderia, og gjev dei ytterlegare skjønnhet ved å gjere dei urørlege. Ei kyrkje som aktiv deltok i debattar kring eigne gudsbevis i uendelege panel med forskarar, «vanlege folk» og politikarar, ville miste sin mystikk.
Me tek ikkje religionen alvorleg, og dermed får den eit alvor ved seg som ironisk nok i desse dagar berre har sitt sidestykke i monarkiet. Det er berre pave og konge som opplever at journalistar neier og utan å flire brukar arkaiske tiltaleformer. Ved å unndra religion frå å bli tatt alvorleg, opphøger med den og gjer den til den ikkjevaskbare silkekjolen, til tabu, til noko særleg vakkert og skrøpeleg.

Vår lengt etter meir og anna, vår parathet til å la det irrasjonelt poetiske stå uberørt, gjer religion mulig i vår tid.
Dette veit eitkvart opplyst menneske. Både dei truande og dei ateistiske akademikarande i vår tid kjenner til mekanikken bak det irrasjonelles skjønnhet. Me forstår kvifor kongar og religiøse leiarar ikkje kan sitje i dongeribukse i eit debattpanel og svare for grunnlaget for deira stillingar. Me skjønar at dei ikkje kan late seg granske og alminneleggjere.

Me lar det skje.

Dette er vår tids dekadanse.
Kun tida vil vise om det også er det Vestlege Imperiums endelikt.

Advertisements