Eg føler eg har forlese meg på Andre Verdskrig, og ikkje veit kva ende eg skal begynne for å fortelle ei gripande historie som ender med Hitlers død og krigens ende til eit publikum som ikkje eingong har høyrt om Europa.
Eg sit med oppveksthistoriar, reiser, erfaringar, giftarmål, born, virke og anekdotar for fem generasjonar. Ei heil lita verd med forskjellige land, folk og kulturar, med tilhøyrande religionar, hendingar over fem mannsaldre som grip inn i ei notid der trådane skal samlast, hendingar avhengige av alt som er skjedd før. Eg har kart og teikningar av skip og folk, eg har magiske objekter som har funne sin veg frå hand til hand gjennom historiar berre eg kjenner. Eg har bryllup og gravferder, eg har sjøslag og skapingsmytar.
Dei er her alle saman no. Alle dei handlingsberande personane i universet mitt. Sjølvsagt er mykje usikkert, mange mindre roller er ikkje besatt, eg veit ikkje namnet på einkvar stallkar eller taus, og eg har ikkje heilt klårt for meg alle hendingar fram mot enden. Men eg har meir enn nok.
Dette har eg ikkje: Eg skjønar ikkje kvar eg skal begynne. Kvar skal lesaren min komme inn i historia? Og om eg verkeleg skal gje tilbakeblikk til eit tidsrom der alle som levde dengong er daude, kven skal fortelje? Skal lesaren berre zappast attende til ei tid bokas nolevande ikkje kjenner til? Det er så mykje eg ikkje klarar å finne ut av. Og eg strevar med forteljarstemma. Eg har leika litt, prøvd ut forskjellige måtar å fortelje på. Noko fungerer, men alt eg har prøvd har sine svake sider. Korleis kan eg bruke same språk til alt som skal skje? Og i kva grad kan eg tillate meg å fortelje med fleire stemmer? Eg har idear om korleis dei forskjellige stemmene skal finne sin plass, men sjølv rammehistoria, handlinga, må finne den rette rytmen.
Ord setjast etter ord, eit etter eit, til ein til slutt er ferdig.
Berre fortsetje.