Denne veka har eg vore litt streng med meg sjølv og sett produksjonskrav. Eg sette krav til meg sjølv om 20 000 ord i den «ferdige teksten» til fredag ettermiddag, og det gjekk greitt.
Stikkord kring kvar eg er no:

1. Frå dialog til sjenanse. Mens eg har halde på med synopsis, og konstruksjon av verda, guddommar, folkeslag, magiske artifaktar, moglege samanhenger og hendingar i fortid, notid og framtid, har eg hatt stort behov for å dele, prate og la mannen min lese små anekdotar.
No held eg attende. Eg syns meir må på plass før han kan få lese noko. For ikkje snakke om forlaget. Mykje meir må på plass. For no tek sjølve teksten form, og eg vil ikkje vise den fram med for mange feil og manglar.

2. Etnosentrisme. Det meste eg har lese av god fantasy er skrive av engelskspråklege forfattarar. Etter å ha lese Snorre og Saxo ser eg at dei har forsynt seg uhemma. Vel, det kan eg og gjere. Men eg syns det er mykje vanskelegare å forsyne seg frå andre kulturområde og myteområder enn det skandinaviske. Eg syns ikkje eg forstår det eg les godt nok, og eg kan ikkje slå opp og undersøke i framandsspråklege nettsider og artiklar (utanom engelske).
Det er nydeleg at engelskspråklege forfattarar syns dei kan nytte seg fritt av finsk og skandinavisk mytemateriale, men eg merker eg slit med ein slags etnosentrisk inkompetanse. Eller kan hende det er akademisk sjenanse.

3.  Sex. Skjønnlitteratur skal (etter mi meining) gjerne ha med noko sex. Det er jo slik ein skryt av bøker. Velskrive, klokt og ein god porsjon overtygande erotikk i kapittel fem og åtte. Men fantasy har det med å bli lese av tiåringar, uansett kva forfattaren har tenkt seg. Forlag, bokhandlarar og foreldre ser ut til å meine at «er det ein drage med, så er det nok ei barnebok».
No har det seg slik at karakterane mine ikkje er så teikneserieaktige. Dei pissar og spyr, bekymrar seg og vert skuffa. Og då er det i visse scener at vaksne seksualdrifter gjer seg gjeldande. Og eg får utslett av erotiske metaforar.

Det får halde. Tre moment er nok i ein blåggpost. 🙂

Advertisements